Book Now

INFO

INFO ARTIKLER

Om oss

Om oss

Sognhostel vart etablert våren 2018. ...

Hvor vi er

Hvor vi er

Det er fleire måter å finne frem til oss: ...

Alt du treng

Alt du treng

Me har eit stort utval av fasilitetar. Er det

Grupperabatt!

Grupperabatt!

Samle gjengen frå gamle dager? Skoleutflukt ...

Husregler

Husregler

1. Innsjekking og Utsjekking: ...

Sjølvbetjent kjøkken

Sjølvbetjent kjøkken

Vi har 2 sjølvbetjente kjøkken. Begge har alt

Før du reiser videre

Før du reiser videre

Ta deg eit augeblikk å sei noko før du tek ...

Leige sykkel

Leige sykkel

Hos oss kan du leige sykkel og hjelm til ...

Ofte stilte spørsmål / FAQ

Har de ein resepsjon?

  • Ikkje eigentleg, me held kontakt via telefon / e-post / meldingar, men møter dykk når de kjem.

Skal skoene vere på eller av inne i huset?

  • Det er ein skandinavisk tradisjon å ta av seg skoene når ein går inn i nokon sitt heim. Sidan me håper du kjenner deg heime, ber me deg om å ta av deg skoene. Det er berre obligatorisk om du har skitne sko.

Serverar de mat?

  • Diverre serverar vi ikkje mat. Butikken er berre 10 min gange unna og kjøkkenet har alt du treng. Kaffe og te er på huset. Hugs å merke mat med navn og dato hvis du legg i felles kjøleskap.

Finst det cafe/restaurantar i nærleiken?

  • Næraste restaurant er ca. 30 min kjøring unna. Nokon gongar kjem det popup caféar i nærleiken. Sjå vår aktivitetskalendar med inngangen.

Finst det ville dyr på eigedomen?

  • Heilt unntaksvis kjem det hjort eller rev traskande forbi.

 

 

Kva er avbestillingsreglane dykkar?

  • Sjå eigen side for booking vilkår.

Kan eg endre bestillinga mi?

  • Sjølvsagt! Du kan endre bestillinga di senast X dagar før ankomst. Etter den tida vil du fortsatt bli belasta for den opphavlege bestillinga di.
  • Om du har booka gjennom ei tredjeparts side, må du endre bestillinga gjennom dei.

Finst det ein sovesal berre for kvinner ?

  • For tida har vi berre felles sovesal for begge kjønn.

Kor tidlig eller seint kan eg sjekke inn eller ut?

  • Me prøvar å vere så fleksible som mogleg på innsjekk. Gje oss beskjed når du trur du kjem.
  • Sjekk ut når du ynskjer, berre lat nøkkelen stå att i døren.
  • Seinaste sjekk-ut er før kl. 11

Kan eg booke utan kredittkort?

  • Veit ikkje…

Kan dei under 18 år bu på vandrarheimen?

  • Sjølvsagt! Men, når det gjeld gjester i alderen 16-17 utan ein vaksen til stades, treng vi at ein forelder eller føresette signerer ein samtykkeerklæring før opphaldet. Born under 16 år må vere i følgje med ein vaksen og kan ikkje overnatte i felles sovesal.

Kor lenge kan eg bu?

  • Du kan bu så lenge du vil! Kontakt oss om du tenkjer å vere lengre enn 7 dagar.

Har de gratis wifi?

  • JA! Trådløs wifi over heile bygningen. God fiberkobling.

Leverer de handklede og sengetøy?

  • Sengetøy  og handklede er inkludert.

Kan eg oppbevare bagasjen min før innsjekking eller etter utsjekking?

  • Me har god plass. Gje oss ein lyd før så viser vi deg til rett plass.

Korleis er det med parkering?

  • Det er gratis parkering rett framfor. Vis hensyn så ingen vert blokka inne.

Er det mogleg å vaske klea mine?

  • Gratis bruk av vaskemaskin og tørketrommel. Berre luksus.
  • Det er ikkje tillate å vaske klede på badet, då det kan tette opp systema våre. 

Har de eit tørkerom?

  • Ja, attmed utgangen til hagen. Der finn du også ein skotørkar.

Kan me lage bål?

  • Det er ikkje lov å lage eigne bål. Men du kan nytte grillen. Trygt og praktisk.